7. nov, 2019

Formiddagsmøte i DMSB, Legenes Hus, tirsdag 26. november kl. 12.00

Formiddagsmøtet i november blir noe annerledes enn våre ordinære møter. Vi har den store gleden av å annonsere Brynjulf Stige som vår foredragsholder.

BRYNJULF STIGE er professor i musikkterapi ved Griegakademiet, UiB, og forskar I ved NORCE Norwegian Research Centre. Han var leiar for GAMUT, The Grieg Academy Music Therapy Research Centre, frå etableringa i 2006 og fram til 2019, eit senter som er evaluert av NFR til å vere blant dei fremste i faget internasjonalt. Stige er i dag leiar for POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi, ei klynge som er koordinert av UiB og samlar kommunar, helseføretak og forskingsmiljø i eit samarbeid om å utvikle praksisnær forsking og kunnskapsbasert implementering av musikkterapi. Stige har grunnlagt og vore redaktør for to internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, Nordic Journal of Music Therapy (etablert 1992) og Voices: A World Forum for Music Therapy (etablert 2001). Som forskar er Stige informert av bioøkologiske teoriperspektiv på musikkterapiens prosessar og effektar, og han har særleg interessert seg for korleis pasientar kan ta musikken med seg ut av terapirommet og gjere han til ein kvardagsressurs for livsmeistring og helsefremmande aktivitet. To av Stiges internasjonale bøker om dette temaet – Culture-Centered Music Therapy (2002) og Invitation to Community Music Therapy (2012, med L.E. Aarø) – er også omsette til japansk. Kontaktinformasjon – og informasjon om forskingssenteret og kunnskapsklynga – er tilgjengeleg på www.gamut.no<http://www.gamut.no/>

Brynjulf Stiges foredrag har tittelen: «Musikkterapi i eit bioøkologisk perspektiv: Kva er musikkterapi, når og kvifor har det noko føre seg, og kva plass kan det ha i eit framtidig norsk helsevesen?»

Etter foredraget serverer vi som vanlig snitter, nineralvann og kaffe. Påmelding er ikke nødvendig. Egenandel kr. 100,-

Hjertelig velkommen!